Ja, fra 8. september 1997 registeret for næringsdrivende foretak
✓ Merverdiavgiftsregisteret
Ja, fra 1. november 2001 registeret over dem som skal kreve inn merverdiavgift (mva.)
– Frivillighetsregisteret
Nei registeret for frivillige organisasjoner
– Stiftelsesregisteret
Nei registeret for stiftelser
– Partiregisteret
Nei registeret for politiske partier
Formål og aktivitet
Vedtektsfestet formål
Være pådrivar for å utvikle Golsfjellet basert på næringsutvikling og tradisjonar der reiseliv, miljø og landbruk blir utvikla i ein heilskap i samsvar med medlemane sine interesser. Utmarkslaget skal ivareta medlemane sine interesser gjennom ein langsiktig økonomisk utvikling av Golsfjellet, ivareta interesser overfor styresmakter og anna næringsliv og gjennom å utvikle og forvalte utmarksressursane og fremje Golsfjellet som landbruks- og reiselivsområde. Utmarkslaget skal arbeide for utvikling, drift og forvaltning av fellesgoder og felles tiltak på Golsfjellet knytt til arealressursar, miljø, kulturverdiar og all infrastruktur som er nødvendig for å utvikle og drifte Golsfjellet som landbruks- og reiselivsområde. Utmarkslaget skal arbeide for fellesskapsløysingar og bidra til fordelingsordningar som gjer det mogleg å gjennomføre fellesløysningar. Utmarkslaget skal tilretteleggje for bruk av lokale ressursar i utbygging og anna tenesteyting. Utmarkslaget skal vera høyringsorgan for alle reguleringsplanar som vert lagt fram for Gol kommune innanfor områder som inngår i Masterplan (kommunedelplan) for Golsfjellet. Stølslaga og Golsfjellet fiskeforeining skal vera suverene i saker som gjeld disponering av jakt og fiske.